søndag 10. mars 2013

Stemningsrapport frå plateslepp til Heimafrå 08.mars.203

På sjølvaste kvinnedagen var det offisiell kickoff for turné og plateslepp til "Heimafrå" på Vinjar i Vinje, å eg var (sjølvsagt) tilstades for å få med meg den fyrste konserten med dette flotte konseptet.
"Salen" (gymsalen på Vinje skule) tok 150 publikumarar, og dei vart dei naud til å setje opp ei ekstra førestilling - det var den eg fekk med meg.
3 musikantar, ein haug med instrument: gitarar, munnspel, banjo, kontrabass, trekkspel, stortromme, og eit fantastisk resultat.
Konserten var, som plata, lun og god, med mykje humor (Odd hadde som alltid ein og anna tør kommentar, på lager, og Ingebjørg var ikkje snauare!) I tillegg til det ein får høyrt på plata, fekk me òg ein seksjon med m.a ymse slåttestev frå Telemark og ein "Hver gang vi møtes" sekvens som m.a innehaldt song frå Tryllefløyta (eit gledeleg gjenhør).
Det var veldig morosamt å sjå kommunikasjonen mellom Odd og Ingebjørg - det klaffa utruleg bra, kanskje noko av det beste eg har sett når det gjeld Odd og medmusikantar på scena. Etter å ha kjend kvarandre i "alle år" er dei naturleg nok trygge på kvarandre, noko eg som publikumar merka. Det er òg noko som gjer konseptet deira så trygt og godt å høyre på. Om det skjer noko "uventa" på scena (som t.d at dei startar feil, banjoen er ustemd... slike ting som KAN skje), tek dei det med eit smil, ein kommentar og let ikkje publikum sitje å "irritere" seg over den eine tingen som gjekk "galt".
Eg kosa meg frå ende til annen - tok meg "fri frå kvardagen" og slappa av på konsert. Det var flott.

Så eg vil i grunnen berre råde folk til å reise på konsert med denne trioen - dei skal ha kring 100 konsertar til no, å eg håpar at flest mogeleg får dei med seg. Eg skal iallefall høyre dei att fleire gonger! :)

fredag 4. januar 2013

"Heimafrå" eit prosjekt mellom Odd Nordstoga og Ingebjørg Brattland

Kopiert frå: http://www.riksscenen.no/fredag-3-mai-odd-nordstoga-og-ingebjoerg-harman-bratland.5141837-276197.html

"
Fredag 3. mai: Odd Nordstoga og Ingebjørg Harman Bratland

05
Dørene åpner: 20.00
Konsertstart: 21.00
Billettpris: 250

- Musikk heimafrå på Basar!

Av og til dukkar det opp talent heilt utanom det vanlege. Ingebjørg Harman Bratland er eit slikt talent. Sidan ho var lita jente i fjellbygda Edland i Vinje kommune har ho trollbunde alle med ein musikalitet og ei stemme av ein sjeldan og heilt spesiell kvalitet. Ingebjørg og Odd har alltid vore kjende for kvarandre, og folkemusikkmiljøet i Vinje har vore felles heimearena. Når Odd tenkte å gjera eit folkemusikkfundert prosjekt var det derfor ingen tvil om kven han hadde lyst til å gjera det ilag med.
Ingebjørg vart invitert opp til Lambertseter, og på musikkloftet til Odd byrja songane å trille fram. Utgangspunktet var veldig enkelt. Nemleg at songane skulle vera av dei om utgjer det musikalske jordsmonnet der dei to kjem ifrå, nemleg Vinje.
Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst "Å bån og veslegut". Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt arrangement. Slik måtte dette prosjektet låte. Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an, men på eige vis synge dei songane som gjennom alle år har lege på tunga til menneska i mellom fjella der heime øvst i Telemark. Sjølvsagt skulle dette prosjektet heite Heimafrå.


Odd Nordstoga - Trekkspel, gitar og song
Ingebjørg Harman Bratland - song og gitar
Gjermund Silseth - kontrabass"


Så då, alle Luringar - er det berre å vente med glede, dette vert utruleg flott!

søndag 6. november 2011

Odd tar over fredagskvelden!

Hvis noen ikke fikk med seg Nytt på nytt på fredag:


(Jeg torde ikke laste opp hele programmet, så jeg redigerte det ned til de bitene som fokuserte mest på Odd)

Som om ikke det var nok så skal han være gjesteartist på Idol neste uke. Følg med, følg med...

mandag 17. januar 2011

Spellemann 2010 nominasjon:

Nominasjonen til Spellemann 2010 er klar, og sjølvsagt står Øddemann på lista, i år i heile 3 kategoriar!:

Mannlig artist, tekstforfattar og populærartist.


... Så då er det berre å krysse fingra og håpe på det beste! :D

onsdag 22. desember 2010

Godt eksempel

på at Odds musikk går på tvers av landegrenser.



I samme slengen kan jeg minne om at Strålande jul konserten blir sendt på radio og TV i år også! NRK1 Julaften kl 20.55, og NRK P1 1. juledag kl 12.03.

God jul alle sammen! :)

lørdag 2. oktober 2010