søndag 10. mars 2013

Stemningsrapport frå plateslepp til Heimafrå 08.mars.203

På sjølvaste kvinnedagen var det offisiell kickoff for turné og plateslepp til "Heimafrå" på Vinjar i Vinje, å eg var (sjølvsagt) tilstades for å få med meg den fyrste konserten med dette flotte konseptet.
"Salen" (gymsalen på Vinje skule) tok 150 publikumarar, og dei vart dei naud til å setje opp ei ekstra førestilling - det var den eg fekk med meg.
3 musikantar, ein haug med instrument: gitarar, munnspel, banjo, kontrabass, trekkspel, stortromme, og eit fantastisk resultat.
Konserten var, som plata, lun og god, med mykje humor (Odd hadde som alltid ein og anna tør kommentar, på lager, og Ingebjørg var ikkje snauare!) I tillegg til det ein får høyrt på plata, fekk me òg ein seksjon med m.a ymse slåttestev frå Telemark og ein "Hver gang vi møtes" sekvens som m.a innehaldt song frå Tryllefløyta (eit gledeleg gjenhør).
Det var veldig morosamt å sjå kommunikasjonen mellom Odd og Ingebjørg - det klaffa utruleg bra, kanskje noko av det beste eg har sett når det gjeld Odd og medmusikantar på scena. Etter å ha kjend kvarandre i "alle år" er dei naturleg nok trygge på kvarandre, noko eg som publikumar merka. Det er òg noko som gjer konseptet deira så trygt og godt å høyre på. Om det skjer noko "uventa" på scena (som t.d at dei startar feil, banjoen er ustemd... slike ting som KAN skje), tek dei det med eit smil, ein kommentar og let ikkje publikum sitje å "irritere" seg over den eine tingen som gjekk "galt".
Eg kosa meg frå ende til annen - tok meg "fri frå kvardagen" og slappa av på konsert. Det var flott.

Så eg vil i grunnen berre råde folk til å reise på konsert med denne trioen - dei skal ha kring 100 konsertar til no, å eg håpar at flest mogeleg får dei med seg. Eg skal iallefall høyre dei att fleire gonger! :)