Som i førige innlegg viste, så kjem Odd snart ut med ny plate, November. Plata kjem ut 4 oktober, så då er det berre å ringe ut datoen, og passe på at ein har pengar til noko me håpar blir ein ny suksess frå Odd!
Elles har Odd blitt tildelt årets Storegutpris, som blir delt ut årleg til ein som brukar nynorsk på eit positiv måte i offentligheita.
Prisen blir delt ut i Edland i Vinje under Litteraturdagane i Vinje neste helg (17-19 september.) Sjølve prisen blir delt ut 18 september. Denne dagen blir det høve for å få sett filmane "21 år" og "Det Rare". To noveller av Tarjei Vesaas, der Aasmund Nordstoga har hovudrolle i "21 år" og Odd i "Det Rare". To utruleg flotte filmar!
Og på kvelden (klokka 19), blir det festkveld, der prisen blir delt ut, Aasmund syng Storegutsongar, og Odd med musikarar held konsert!
For meir informasjon: http://www.litteraturdaganeivinje.no
Så dette blir bra!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
linken mangler..
SvarSlettWoops! Sorry!
SvarSlett